Kretsmesterskap i Hordaland 19. og 20.september 2009

Postet av Flora Cykleklubb den 24. Sep 2009

Lørdag var det tempo på Sotra, med startstad på Rong i Øygarden. Flora CK stilte med 3 stk 13 åringer og underteikna.

Klasse M13-14 sykla 10km. Det var Preben Sørbø som var den raskast av våre i den vindfulle løypa. Tida 18:19 holdt til ein 9.plass. På 10.plass kom Odin M.Stenseth som fekk tida 18:44. Like bak kom Marius Langø som med innlagt pause på Rongesundet bru fekk tida 18:52 og 12.plass.

I veteranklassen sto 20km på programmet. I klasse M40-44 hadde Frode Valen dagens raskaste tid med 26:31 og underteikna som ikkje fekk teknikken til å stemme i den kraftige vinden fekk tida 27:21, men greidde likevel 2.plass i klassen og dagens tredje beste tid i veteranklassen.

Dagens nest beste tid hadde 2 ganger Nordisk tempo veteranmester Bjørn Øverland med 26:33

KM forsatte med fellesstart på søndag. Her viste Odin seg sterkast og satt lett med i hovedfeltet som avslutta med ein massespurt. Her var Odin få meter frå bronsemedaljen, og endte på ein flott 7.plass. Preben kom inn til 12.plass og Marius vart nr.14. Distansen her var 8 runder á 4,3km.

I veteranklassen hadde underteikna bestemt seg for å sykle hardt fra start. Allerede etter 100 meter vart feltet distansert og bruddet varte i 4 av dei 12 rundane. Det var få i feltet som var interessert i stor fart undervegs og det vart som mange ganger før i sesongen eit spurtoppgjør. Unterteikna vann klasse M40-44, men måtte sjå seg slått av Bjørn Hopsdal, Ove Matland i klasse M45-49 og Håkon Vidar Sylta i klasse M30-39 (og ein syklist til?)

Det koster krefter å vere kar var dagens lærepenge :-)


Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.