Trollrittet 10.oktober 2009

Postet av Flora Cykleklubb den 11. Okt 2009

I år vart det diverre ei kortare Trollritt en vanleg. Pga snø og frost var det ikkje forsvarleg å sykle heilt opp til Trollstova. Målgang var derfor i svingen ved avkøyrsla til Humlestølen, og starten var flytta nokre 100 meter vest til krysset på RV5. Vèret var ellers flott med sol og vindstille.

Som vanleg sette Mikael stor fart frå start, og resten av feltet greidde heller ikkje i år å følge tempoet til distiriktets desidert beste syklist. Mikael vann som han ville, og tok sitt andre napp i vandrepokalen.

Bak Mikael vart det etter kvart mykje vatn mellom båtane. Om 2.plassen vart det spurtoppgjer mellom nykommaren Kenneth Bredesen, (f.1986) og underteikna (f.1966), der den eldste var sterkast og var nokken centimeter forran i mål.

I juniorklassen var det også lite spenning om første plassen. 15 år gamle Øyvind Ramsdal var 30 sekund forran 13 åringen Odin Stenseth. For Marius Langø, 13 år, vart Trollrittet eit prov på at formen er stigande, og med den flotte tida 13:53 tok han 3.plassen.

Hanne Sofie Almenning var einsleg svale i kvinneklassen og tok sitt andre napp i vandrepokalen.

Etter målgang var det samling på skistova på Humlestølen. Der hadde Anne Ramsdal, Rita Gamlestøl, Siv Anja Langø, Monika Stenseth og Monica Sørbø laga fint i stand, og alle frammøtte fekk servert rykande varm betasuppe, kaker og drikke.

Det vart også trekt ut premiar på startnr. frå våre gavmilde sponsorer i Florø, og ingen gjekk tomhendte heim :-)

Dagmund og Otto Ramsdal sto for det praktiske ved sjølve rittet.

Flora CK vil også takke skigruppa i Eikefjord IL for hjelp til tidtaking.

Resultat:

1.Mikael M. Johansen, Bergen CK 10:15

2.Geir Kristiansen, Flora CK 11:08

3.Kenneth Bredesen, Flora CK 11:08

4.Vidar Halland, Førde CK 12:10

5.Eivind Senneseth, Flora CK 12:15

6.Arild Standal, Flora CK 12:18

7.Øyvind Ramsdal, Flora CK 12:54 (f.1994)

8.Odin Stenseth, Flora CK 13:24 (f.1996)

9.Odd Arne Løkkebø, Eikefjord 13:38

10.Erlend Sunde, Flora CK 13:46

11.Marius Langø, Flora CK 13:53 (f.1996)

12.Preben Sørbø, Flora CK 13:55 (f.1996)

13.Arthur Færestrand, Flora CK 13:57

14.Hanne Sofie Almenning, Florø 14:14

15.Hjalmar Bø, Flora CK 14:17

16.Jon Sørland, Florø 15:11

17.Joakim Ramsdal, Eikefjord 16:33 (f.1995)

18.Ole Johannes Stigen, Førde 17:24 (f.1999)

19.Marius Horgen, Flora CK 18:06

20.Tobias G. Sagen, Flora CK 18:45 (f.1998)

21.Vegard Ramsdal, Flora CK 27:07 (f.1997?)

22.Ragnar G. Holme, Naustdal 27:07 (f.2001)

23.Hjalmar Holme, Naustdal 27:09

Utan tid:

Matilde M.Johansen, Florø (f.2001)

Norunn Stavø, Florø

Rolf Kåre Almenning, Florø

Marit L. Endestad, Eikefjord

 

Poengstillinga for vandrepokalen menn:

1.Mikael M. Johansen 14 poeng

2.Geir Kristiansen 9 poeng

3.Dagmund Ramsdal 5 poeng

4.Kenneth Bredesen 4 poeng

5.Erlend Sunde 3 poeng

5.Vidar Halland 3 poeng

7.Eivind Senneseth 2 poeng

7.Ernst Jagedal 2 poeng

7.Arild Standal 2 poeng

 

Poengstillinga for vandrepokalen kvinner:

1.Hanne Sofie Almenning 14 poeng

2.Tone S. Kjerpeseth 5 poeng

3.Camilla Savland 4 poeng


Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.