ÅRSLISENS FOR 2014

Postet av Flora Cykleklubb den 30. Jan 2014

NCF melder om nytt opplegg for lisensbestilling og klubbovergang i 2014

Årslisens er noko alle som skal sykle aktive ritt må ha.

Dei som skal sykle tur/trimritt kan løyse lisens for kvart ritt. Men om ein planlegg å delta på fleire ritt løner det seg fort å ha årslisens. Årslisensen er også ei forsikring som gjeld under trening.

 

 

 

 

I år registerer du lisensynskje og opplysningar om deg sjølv på ein link under denne nettsida hos sykkelforbundet.  


På nettsida står det også meir om sjølve lisensen.  Når du har registrert informasjonen får du ein faktura på mail, og lisensansvarleg i klubben får ein mail med spørsmål om godkjenning.  Krav for godkjenning av lisensen er at pliktene dine som medlem er oppfylt; at du har betalt medlemsskap, i hovudsak. 

Om du har lisens frå i fjor gjeld forsikringsordninga ut februar, men for deltaking i ritt stoppa gyldigheten den 31.12.2013. 
 
Nytt i år er også at klubbskifte blir ordna via lisensregistreringa.  Då betaler du medlemskap til den nye klubben din og søker lisens hos den nye klubben. Klubbskifte blir då ordna ved at både gammal og ny klubb godkjenner skiftet elektronisk.

Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.