Den store sykkeldagen!

Postet av Flora Cykleklubb den 23. Apr 2016

Så var Den store sykkeldagen endeleg her! Det vart ein skikkeleg flott dag for alle som tok turen til Torget i Florø Sentrum. At dei eller den som styrer vêret hadde ein god dag på arbeide og la forholda til rette, med solrikt opphaldsvêr, gjorde det heile til ein fryd!

Aktivitetane var mange og vellukka! Smila sat laust på andleta, anten dei gjorde rebusoppgåver i Strandgata sport, sykla Konglerittet eller Russerittet, laga "prompelyd" på ferista i hinderløypa eller om dei prøvde stå heilt stille i balansekonkurransen. Moro for alle, og spesielt for borna!

Flora CK, Byen Vår Florø, Sykkelbyen Florø, Sparebanken S&F og Politiet var alle viktige bidragsytarar til arrangementsdelen, medan byens 3 solide sykkelaktørar; Strandgata Sport, G-Sport Florø og MX Sport la til rette for dagens 3 lengste smil, med sitt gåvebidrag til heldige vinnarar av Rebuskonkurransen! Takk for flotte premiesyklar! Når syklar i ulik storleik vert lodda ut, kan ein ikkje alltid treffe like godt med vinnarane, som vi gjorde i dag. Alle dei tre heldige - fekk syklar som passa deira storleik utmerka!

Arild Standal frå Flora CK var og på Torget og viste fram sykkelen vi skal nytte når vi syklar turar med eldreomsorgen. Den vakte fin oppsikt, med sine to passasjerseter foran og elektrisk motor. Flora CK gler seg til å sykle på tur med byens eldre bebuarar!

Eit knippe bilete frå dagens gode fotograf, Sunniva G. Ramsdal, finn ein under fana Bilder. Ta ein kikk!


Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.