Flora CKs Daniel Medhanie vann Halvmarathon under Rett Vest 2016!

Postet av Flora Cykleklubb den 17. Apr 2016

Imponerte medlemmer av Flora CK gratulerer Daniel Abraham Medhanie med sigeren på Rett Vest Halvmarathon 2016. Medhanie sprang på tida 1t 30m og 56sek.

Han er berre 17 år og deltok i sin fyrste lpekonkurranse nokon sinne. Han har heller ikkje drive organisert idrett i meir enn dei 4 mnd han har vore medlem i Flora CK - det gjer det heile rett og slett imponerande!
Den tida han har trena med klubben har han vist glimrande innsats og gode haldningar - mykje ligg til rette for at Medhanie kan bli verkeleg god, talentet er absolutt tilstade!

Klubbdrakta til Flora CK var elles godt representert på Florø Stadion og vi talde opp mot 20 klubbmedlemmer i aksjon, små som store. Flott at mange vel å vise fram klubben under lokal arrangement!


Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.