Mikael har blitt "headhunted" av Bærum & Omegn Cykleklubb.

Postet av Flora Cykleklubb den 18. Mar 2007

BOC har kontakta Mikael og tilbudt han ein plass på topplaget. BOC siktar på nytt på ein topp 3 plassering.

Mikael i gult oga svart??

Mikael har trent heile høst og vinter for å sykle T-O med Bergen CK. Beklageligvis stranda heile T-O satsinga til BCK og Mikael hadde egentlig lagt heile T-O greiene på is. Men i helga vart han kontakta av BOC. Dei hadde høyrt rykter BCK sine problemer og tok kontakt i håp om å få fylt opp sitt eget lag. Mikael er derfor igjen positiv til T-O og er i samtalar med BOC om korleis ein skal legge opp satsinga framover.  Det viktigaste for Mikael er å få det til slik at det ikkje går utover satsinga på Bergen-Voss og Jølsterrundt.

Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.