Trollrittet og årsfest 11.oktober 2008

Postet av Flora Cykleklubb den 18. Sep 2008

Årets siste kraftanstrengelse, Trollrittet, blir arrangert laurdag 11.oktober kl.14. Det blir som før start i Svarthumle og mål ved hytta på Heia.

Rittet blir arrangert som fellesstart.

Dei fleste vil nok bruke landevegssykkel, men ettersom dette er eit motbakkeritt vil det også passe godt å sykle på offroadsykkel.

Startkontigent: Under 18 år kr.50,-. Vaksne kr.100,-. Familie kr.200,-

Førehandspåmelding til Rune Horgen mobil 9283 4977 / Geir Kristiansen 9585 7454. Siste påmelding 30 minutt før start.

Underteikna utfordrer også alle klubbmedlemmer til å ta med ein far/mor/ektefelle/kjæreste/sønn/datter/slektning/nabo/kamerat/hobbysyklist som vil bruke ein lørdagsettermiddag til å slite seg opp fjellet. På toppen ventar gratis kaffi, kaker, grillpølser og anna bevertning.

Publikum og heiagjenger er også velkomne.

Nytt for 2008:

Premiering: Det blir sett opp ein vandrepremie etter prinsippet førstemann til 21 poeng. Seier eit år gir 7 poeng, 2.plass gir 5 poeng, 3.plass 4 poeng, 4.plass 3 poeng, 5 plass 2 poeng. Alle som fullfører får 1 poeng. Det betyr at det tidlegast blir ein vandrepremievinnar om 3 år. Det blir sett opp ein premie for kvinner og ein for menn.

Det lokale næringsliv har gitt premiar som vil bli trekt ut på startnummer.

I år har vi også invitert Førde CK og Sogn CK. Vi håper dei stiller med mange syklister.

 

Seinare samme dag blir det årsfest i Florø, tidspunkt ca kl.20. Stad er ikkje bestemt, men i fjor hadde vi det kjekt på Quality Hotel. Prisane der er kr.395,- for buffé, evt. kan vi få ein samansett 3 retters for om lag samme prisen. Dette krev forhandsbestilling. Alternativet er "à la carte", men erfaringsmessig tar det då lang tid å få maten.

Interessenter melder seg på SMS til Geir Kristiansen mobil 9585 7454


Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.