Årets første Veterancup (VC) 18. og 19.april

Postet av Flora Cykleklubb den 19. Apr 2009

Då er sesongen i gang også med konkurranser. I helga vart det arrangert VC ritt både på Sotra og i Fana. Einaste deltakar frå Flora CK var Geir Kristiansen som stiller i klasse M40-44

På Sotra var det den tradisjonelle Sotramila som sto på programmet. Denne gang utypisk nok arrangert over 20km. Rittet er eit temporitt der rytterane starter enkeltvis og kjempar mot mjølkesyra, vinden og klokka. Her vart det 4.plass for Geir i klasse M40-44 der det stilte 6 mann til start. Tida ville likevel vore god nok til å vinne klasse M30-39, så det er hardt å vere gammal.

Søndag var det fellestart i rittet Rådalen Rundt. Her var det start ved Fana stadion, og veteranane skulle sykle ei løype på 8x6km. Heile 56 rytter stilte til start fordelt på klassane M30-39, M40-44, M45-49 osb. 

Geir hadde som målsetting å vere aktiv i rittet og var mesteparten av tida å finne langt framme i tetgruppa. I 6.runde gjekk han i brudd saman med Anders Rørøy BCK og opparbeidde raskt eit forsprang. Bruddet holdt i ca10km, og vart henta inn då det var ein runde igjen. Som vanleg er var det altså eit stort felt som nærma seg mål, og det var Ove Matland (M45-49) frå BCK som var sterkast i spurten. Geir var også langt framme i avslutninga og vann klassen sin. (Det heldt også til 6.plass i det store feltet.)

Også Bernt Ullebø M30-39 frå Sogn CK vann klassen sin, så det må vere malurt i begeret til Bergenserane at dei to startande frå nabofylket vann kvar sin klasse.

 

Resultat Sotramila:

http://ritt.cksotra.no/Sotramila_resultatliste.pdf

Resultat Rådalen Rundt:

http://home.broadpark.no/~fanasykkelgruppe/2009/Resultater/RAADALEN_RUNDT_2009_Resultatliste.txt


Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.