Jølster Rundt 2009

Postet av Flora Cykleklubb den 25. Mai 2009

Stor fart og massevelt fekk dei største overskriftene. Gode tider og fornøyde ryttere fra Florø vart det i allefall.

Også i år var værgudane med på leiken og med bare litt trekk i mot på tilbakeveien låg alt til rette for eit fint ritt.

Rittet fortalt fra ut ifrå mi eiga oppleving:

Dagmund, Arild, Erlend, Terje og meg (Jens Petter) klarte å holde følge med hovedfeltet opp til Vassenden. Dagmund låg framme heile tida og "vokta" feltet og ville være med visst det gjekk brudd. Vi andre var nok meir enn nok fornøgde med å ha klort oss fast opp bakkane og låg rolig bak i dragsuget. Ved Kjøsnesfjorden gjekk det fort opp den lille kneika etter brua. Eg prøvde å kjøre taktisk og la meg langt fram i feltet over brua og drog til alt eg hadde opp bakken. Og heldigvis var det nok til at eg klarte å holde følge med tetgruppa. Dette klarte Arild også. Terje og Erlend vart liggande i eit felt bak hovudfeltet. Eg må bare innrømme at det var kanonkjekt å få oppleve å ligge i hovudfeltet langs Jølstravatnet på vei mot Førde igjen. Men så skjedde det som alle helst vil unngå, massevelt rett forran deg. Eg og Arild deiste rett inn i mølja. Les meir om det på Firdaposten. Så der rauk muligheten vår til å holde sammen med feltet heilt til mål. Men pytt pytt, vi var fornøyde med tidene likevel. Resultater leser du på FørdeCK sine sider. Dagmund holdt som vanlig feltet heilt til mål.

Rune gjorde som vanlig ein kjempejobb med å organisere ei gruppe og fekk mykje skryt frå dei som var med der. I tillegg var det fleire ungdommer med i gruppa utan tidtaking. Og klubbens einaste og dermed beste på damesida vart Silje Dypevik. Ho hang lenge med i "gruppa til Rune". Men i den korte men harde kneika ved Kjøsnesfjorden vart det ei lita luke og dermed havna ho litt bak. Men ho var strålande nøgd med tida 2:36.

 

(Som dokke ellers kan lese her på heimesida så var Mikael og Geir K var på andre ritt)

JPK

 

 

 

 

 

 


Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.