Bergen-Voss 2011

Postet av Flora Cykleklubb den 6. Jun 2011

Sykkelrittet Bergen-Voss er som massemønstring blitt vestlandet sitt svar på Birkebeiner rittet. Over 5000 var påmeldt til det 165 km lange rittet som laurdag vart arrangert for 35.gang.

Frå Flora CK stilte 11 mann til start. Tor Erik Øybost (17) og Øyvind Ramsdal (17) fekk begge sin debut saman med Atle Halvorsen, medan nestor i klubben Rune Horgen (43) sykla rittet for 20. gang. 

Berre nesten.
Etter å ha vore med i vinnargruppa dei to siste åra håpte underteikna på nok eit toppresultat. Då rekordpulja starta frå Grieghallen kl.05.48 var ikkje véret det beste. Det var regna friskt, noko som sjølvsagt førte til svært glatt veg. Sjølv om pulja låg bra an ved dei to første mellomtidene i Gullbotn og på Kvamskogen var farten og samarbeidet inn vegen langs Hardangerfjorden for dårleg til at rekorden frå i fjor på 3.55.57 var trua.
Som så mange ganger før var det i den siste stigninga ca 15 km før Voss det meste vart avgjort. I det frykta Skjervet var farten stor og 11 mann fekk ei luke på det som var igjen av feltet. Bak desse 11 samla det seg etterkvart ei gruppe på 15 mann som jaga hardt inn mot Voss. Sjølv om denne gruppa inneheldt sterke syklister som Ove Matland (9 seiere i rittet), Andreas Hosøy (7 seiere) og underteikna, klarte dei aldri å hente inn forspranget.
Vinnargruppa kom til mål på tida 4.15.06, medan gruppe to fekk tida 4.16.02.

I vinnargruppa var Thomas Kristiansen Grønfur frå Førde CK Elite den einaste frå Sunnfjord. Medan Kenneth Bredesen (25) frå Florø som syklar for samme klubb kom inn saman med gruppe to.

Far og sønn Ramsdal sykla i samme pulje. Og då junior fekk tekniske problem i Skjervet bytta dei ganske enkelt syklar. Senior sykla deretter opp den lange bakken på storskiva. Ein sterk prestasjon etter over 140 km på sykkelen.



Resultat for Flora CK:

Geir Kristiansen     4:16:02     M40-49
Ernst Jagedal         4:37:25     M40-49
Terje Standal          5:06:32     M50-59
Øyvind Ramsdal     5:07:24     M16-19
Dagmund Ramsdal 5:07:25     M50-59
Atle Halvorsen        5:20:10     M40-49
Arild Standal          5:23:42     M50-59
Rune Horgen          5:43:11     M40-49
Tor Erik Øybost      6:11:48     M16-19
Ståle Klakegg        6:20:08     M50-59
Trond Muri             7:34:23     M40-49


Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.