Invitasjon til Trollrittet søndag 9.september 2012

Postet av Flora Cykleklubb den 27. Aug 2012

Flora Ck kan med glede invitere til nok eit Trollritt. Sett av søndag 9.september til å måle krefter med ein kamerat eller deg sjølv.

I år vert det ekstra premiering til dei som slår løyperekordane for menn og kvinner. Gjeldande rekorder er 21min27sek for kvinner, og 16min57sek for menn. Gavekort pålydande kr.1000 til den som klarer ny rekord.

Fleire av Flora CK sine ungdommer kjem til å overnatte på Trollstova natt til rittdagen.  Ungdommer (og nokre vaksne) frå andre klubbar er hjertlig velkomne. Kontakt Geir Kristiansen på mobil 95 85 74 54 for meir informasjon om overnatting.

Start like ved krysset på Svarthumle RV5, og målgang ved Trollstova på Ramsdalheia.

Rittet vert arrangert som fellesstart over ca 6 km, med 320 høgdemeter. Alle deltar i trimklasse med uoffisiell tidtaking.

Rittstart kl.12. Dei aller yngste startar kl.11.50 evt. saman med dei som vil ta seg ekstra god tid.

Påmelding før fredag 7.september kl.21 til Rune Horgen mobil: 9283 4977

eller mail: rhorgen@online.no

Startavgift: Kr.50,- opp til 18 år, kr.150,- for voksne.

Etteranmelding ved start fram til kl.11.30 mot kr.50,- ekstra.

Premie frå våre sponsorer (til nesten alle?) vert uttrekt på startnummer.

Til alle deltakarar blir det gratis betasuppe, saft og kaker på den peisvarme Trollstova etter rittet!

Sal av mat og drikke til publikum.

Parkering: Det er begrensa med plassar ved start. Ved Trollstova er det god plass til parkering.

Garderobe: Det er mogleg å skifte klede på Trollstova. Særs begrensa moglegheit for dusj, men tilgang til toalett og vask.

Veganvisning: Svarthumle ligg på gamle RV5 over Ramsdalheia i Flora Kommune.

Frå Florø køyrer ein i retning Førde, men tek til venstre vel 1 km før Sunnfjordtunellen.

Frå Førde/Naustdal køyrer ein gjennom Sunnfjordtunellen. Etter tunellen tar ein første veg til høgre etter vel 1 km.

NB! Vegen er open for alminnelig trafikk, og alle må følge trafikkreglane! Strekninga er særs lite trafikkert, og det vil bli tydelig merking som viser at sykkelritt pågår.


Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.