Rogaland 3 etappers - Jonas nr 6 totalt!

Postet av Flora Cykleklubb den 14. Apr 2018

OPPDATERT!
På søndagens fellesstart sikra Jonas Osland, Flora CK, ein sterk 6 plass samanlagt i  ROGALAND 3 ETAPPERS. Han satt med hovudfeltet inn til mål - og klarte dermed målsettinga om ein topp 10 plassering samanlagt med god margin. Grunnlaget for plasseringa vart lagt med ein imponerande tempoetappe på laurdagen, fulgt opp av eit gateritt kor han markerte seg sterkt. Vi gratulerer.
Meir om ritta frå i går - les under bilete.
 


Publisert laurdag:

Jonas Osland stiller denne helga til start i ROGALAND 3 ETAPPERS, eit samarbeidsprosjekt mellom Stavanger og Sandnes Sykleklubb. Etappane består av ei tempoetappe, gateritt og fellestart. I dag har det vore sykla tempoetappe og gateritt. Jonas har fortsatt trenden frå i fjor med å prestere godt på tempo. I dag kom han i mål som nr 5 av 47  startande. Det i seg sjølv er ein flott plassering, men om ein kikkar bak resultatet, så vert prestasjonen endå betre. Jonas stiller nemleg i 15-16 års klassen, og dei 4 føre han på resultatlista var alle året eldre. Vi er imponert. 

Bilete: Jørn Kenneth Osland

På ettermiddagen sykla dei gateritt. Der fikk vi sjå ein aktiv Jonas, som i stor grad var med å prega løpet, mellom anna gjekk han i brudd, som rett nok vart køyrd inn att, men allikavel flott innsats. Til slutt trilla han i mål saman med hovudfeltet.

Bilete: Jørn Kenneth Osland

Det vert spennande å følgje han på morgondagens fellesstart. Lykke til! 


Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.