Trollrittet og Sunnfjord Dobbel 2017

Postet av Flora Cykleklubb den 30. Sep 2017

Trollrittet, del 1 av Sunnfjord Dobbel, runda av September mnd med nær 50 gode prestasjonar opp Ramsdalsheia! 

Ringerike CK stilte på deltakarlista med lokal representant i Andre Heggø. Han tok, ikkje uventa, ein klar siger. 15min og 22 sek var tida opp. Ingen rekordtid, men så skal det og seiast at syklisten sin største fiende, vinden, ikkje spela på lag med ryttarane.

Bak Heggø, var Flora CK sterkt representert. Kanskje litt ufint, i og med at dei sjølv var arrangør... Geir Kristiansen tok andreplassen føre den 14 år gamle kometen Jonas Osland. Jamt og spanande var det.
Vi ser med glede tilbake på 2017 og utviklinga Jonas har hatt. Elles kan vi merke oss eit nytt tilskot på ungdomsstamma til Flora CK, Mussie Abrham(17år)  med berre knappe 2-3 mnd på sykkelen, sykla han inn til ein heilt uventa og ikkje mindre imponerande 5. plass, med ei tid rett over 18 min. Det eldste blad Abrham, Medhanie - var ute for eit uhell på sykkelen tidlegare same veka, og tok det "roleg" opp bakkane til ein 8. plass. Vi kan og trekke fram Frode Aune Langedal(15), Flora CK, som med stormskritt nærmar seg 20 mins grensa! Neste år, klatrar han nok fleire plassar på resultatlista!

I dameklassa imponerte Bente Sæterdalen Solheim, med å sykle begge ritta, både trim- og turritt. Godt jobba! Elles merkar vi oss at Elida Solheim frå Førde CK fortsett framgangen på sykkelen!

I eit rufsete vèr og under tøffe forhald var det kjekt og sjå at om lag 1/4 av deltakarane denne dagen var barn og unge. Det lovar godt for framtida.

Arrangøren vil rette ein særskild takk til faste deltakarar frå Dale CK, samt eit imponerande oppmøte av nyetablerte Tambarskjelvar IL - Triathlon og Sykkel. Kjekt.

Resultat frå Grimelandsrunden ligg no på Førde CK sine Facebooksider.
Topp 5 i Sunnfjord Dobbel 2017(Trollrittet & Grimelandsrunden) vert dermed slik samanlagt:

1. Geir Kristiansen, Flora CK - 1.32.32
2. Atle Halvorsen, Flora CK - 1.33.51
3. Are Bruåsdal, FLora CK - 1.35.41
4. Jonas Osland, Flora CK - 1.35.52
5. Stig Savland, Tambarskjelvar IL - Triatlon og Sykkel - 1.35.57

Resultatliste frå Trollrittet 2017,  del 1 av Sunnfjord Dobbel.

1 5 Heggø Andre Ringerike CK 15:22
2 16 Kristiansen Geir Flora CK 16:43 01:21
3 8 Osland Jonas Flora CK 16:49 01:27
4 15 Halvorsen Atle Flora CK 18:02 02:40
5 18 Abrham Mussie Flora CK 18:14 02:52
6 12 Bruåsdal Are Flora CK 18:39 03:17
7 26 Savland Stig Tambarskjelvar IL - Triatlon og Sykkel 19:08 03:46
8 17 Abrham Medhanie Flora CK 19:22 04:00
9 21 Barthel Elias No club 19:28 04:06
10 9 Steindal Robert Flora CK 19:51 04:29
11 13 Reksten Lars Flora CK 20:07 04:45
12 1 Aune Frode Langedal Flora CK 20:46 05:24
13 7 Alvær Stian Vallestad Førde CK 21:07 05:45
14 27 Savland Sigurd Tambarskjelvar IL - Triatlon og Sykkel 22:17 06:55
15 29 Stuhaug Steffen Tambarskjelvar IL - Triatlon og Sykkel 22:23 07:01
16 14 Standal Arild Flora CK 22:39 07:17
17 25 Herstad Torgeir Tambarskjelvar IL - Triatlon og Sykkel 23:35 08:13
18 11 Selvåg Ivar Dale CK 23:40 08:18
19 2 Solheim Leif Henning Dale CK 23:56 08:34
20 10 Brattelid Ståle Dale CK 24:38 09:16
21 6 Solheim Elida Førde CK 24:53 09:31
22 20 Frøyen Albert Flora CK 24:56 09:34
23 28 Savland Sverre Tambarskjelvar IL - Triatlon og Sykkel 26:04 10:42
24 19 Iversen Eivind Liabø Tambarskjelvar IL - Triatlon og Sykkel 26:46 11:24
25 4 Øverås Martin Dale CK 27:08 11:46
26 3 Sørberg Bjarte Dale CK 27:38 12:16
27 23 Fimland Ole Eilev Tambarskjelvar IL - Triatlon og Sykkel 32:07 16:45
28 22 Mossestad Frode   No club 33:59 18:37
29 30 Solheim Bente Sæterdalen Dale CK 39:31 24:09
30 24 Hjelmeland Gunnar Førde CK dnf?
dnf?

Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.