Aktiv sesongstart i Flora Cykleklubb

Postet av Flora Cykleklubb den 9. Jul 2016

Flora Cykleklubbs mange medlemmer har vore godt representert i alt frå turritt, NM masters og triathlon i løpet av våren. Ein liten oppsummering er på sin plass.


Jølster rundt
Det som for mange var sesongstart var Førde CK sitt arrangement av Jølster rundt(90km), og årets utgåve var ein flott måte å starte på. Turen gjekk føre seg i nydelig solskinn og i gode vindforhald. Det resulterte i rekordfart i feltet. Fire ryttarar gjekk tidleg i brudd(Kristiansen Grønfur, Tjønneland x2(alle frå Førde CK) og Sekse frå Sogn CK) Dei haldt eit imponerande høgt tempo og haldt heile vegen inn til ny rekordtid på 1t og 58min. Vel trødd. Ein stor kontigent frå Flora CK på heile 13 syklistar(!) stilte til start og fullførde med bravur. Anne Grethe Sandvik vart beste deltakar frå klubben, med sin 2. plass i kvinneklassa. Ellers er det verdt å merke seg at Daniel Medhani, årets halvmarathon vinnar under Rett Vest, gjennomførte sitt første sykkelritt nokon sinne og kom i mål på fine 2t og 17min!


Bergen - Voss
Det gode været frå Jølster rundt haldt seg og heile 12 ryttarar frå Flora CK stilte til start på den 170 km lange vestlandsklassikeren Bergen - Voss. Ein fantastisk flott tur og oppleving for alle startande frå klubben. Geir Kristiansen krona klubbens markante tilstedeværelse med å vinne sin aldersklasse på imponerande 4t 17min, berre 5 min bak rittvinnarane i mål. Vi gratulerer!
Ellers er det verdt å merke seg at Rune Horgen stilte til start for 25 gang og fekk fortent diplom og annerkjenning av arrangør. Rune er ein markant skikkelse i klubben og fortener skryt for alt arbeidet han legg ned kring trening og organisering. Så vel fortent diplom var det!


Ålesundtempoen, Ålesundrittet, Fana 3-dagers og NM masters
Geir Kristiansen er framleis klubbens mest aktive ryttar, og har vore klubben sin einast deltakar i Ålesund, Fana og under NM masters. At han no konkurrerer i klassa 50-54 år gjer resultata enda meir imponerande.
Han vann han Temporittet i Ålesund(30 km) i sin aldersklasse, og vart nr 4 fire totalt.
Dagen etter vann han sin aldersklasse under Ålesundrittet, og heller ikkje då var han langt bak totalvinnaren i mål.
Under Fana 3-dagars fortsette han å vinne sin aldersklasse dei ulike dagane, men kanskje viktigare var at han fekk vist at han framleis er lei å bli kvitt i bakkane då langt yngre ryttarar prøvde riste han av, var han ikkje god å bli kvitt! At Geir framleis held det nivået han gjer er inspirerande for oss andre i klubben!
Under NM masters vart han ikkje krona norgesmester ved dette høve, men resultatlistene viser at avstanden opp var marginal.
Geir sjølv seier at å vere attende i sykkelmiljøet å konkurrere etter eit kvileår er som å kome heim! Vi har nok fleire gode resultat i vente.

Nordfjordrittet
5 stk frå Flora CK deltok i år på Nordfjordrittet(125km). Geir Kristiansen(3t 33m) viste seg igjen som den sterkasta frå klubben, men vi legg og merke til at Daniel Medhani(4t 5m) fortsett sin fine framgang og viser sin gode kapasitet i bakkane. Ellers ser vi og at Atle Halvorsen framleis held høgt nivå, sjølv om han sjølv synes det gjekk litt trått i under årets Nordfjordritt. Lars Reksten var uheldig og punkterte og mista dermed følgje med Are Bruåsdal som gjennomførte på respektable 4t 16 min.


Nibberittet
1500 høgdemeter fordelt på 21 km, er det Geiranger byr syklistane på, forutanom ei spektakulær utsikt og naturoppleving av dei sjeldne. Anne Grethe Sandvik frå Flora CK lot seg freiste og sykla dei 21km frå fjord til fjell på 1t 45min. Det heldt til ein 10 plass blant kvinnene, vi gratulerer.

Triathlon
Sunnfjord Triathlon har vist seg å vere vegen inn til triathlon for både Robert Steindal og Sigurd Haugerud. Dei deltok begge under årets arrangement i Naustdal og gjennomførte lang løype(1500svømming, 40km sykling og 10km løp) på henholdsvis 6. og 12. plass.
Etter det gjekk turen vidare sørover for å prøve seg på Ironman 70.3 Haugesund(1900m svømming, 90km sykling og 21,1km løping). Gjennomføringa gjekk fint og dei fullførde på henholdsvis 4t 51min(Robert) og 5t 22min(Sigurd). Arrangementet var særs proffesjonelt og gav i høgste grad meirsmak.


Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.