Bergen - Voss 7.juni 2008

Postet av Flora Cykleklubb den 9. Jun 2008

Også i år kunne arrangøren by på strålande vér og gode temperaturer. Flora CK syklistane gjorde sine saker bra og fleire sette nye sterke personlege rekordar.

Florø gutten Mikael Johansen i Bergen CK sine gule og blå farger var som venta med pulje 1 heilt til mål. På førehand vart det som vanleg snakka mykje om å slette Bo Andre Namtvedt sin aldrande og sterke løyperekord på 4:02. Men rekorden sto seg også i år. 11 mann kom samla til mål på den sterke tida 4:12:01

I pulje 3 vart Geir Kristiansen den sterkaste og kom som puljevinnar nokre sekund føre ei gruppe på 6 mann. Tida vart 4:37:51. Dette var også ei tid som heldt til ei totalplassering som nr.106 av totalt ca 2150 startande. Eivind Senneset forsetter å imponere og kom inn vel eit minutt seinare på 4:38:53

Oddgeir Nygård, i pulje 7, sykla som kaptein for ei gruppe som brukte rittet som gjennomkøyring før Styrkeprøven Trondheim-Oslo om 2 veker. Tida vart 5:19:27

I pulje 9 var Terje Standal den raskaste rytteren frå Flora CK. Han fekk den sterke tida 4:52:33. I årsklassen 50-54 heldt det til ein 25. plass. Imponerande!

Rune Horgen i samme gruppe var også veldig fornøgd med å sette ny pers, og fekk tida 4:55:31. I følge Rune er dette ca 7 min raskare enn kva han greidde for meir enn 20 år sidan. Det skulle vere prov på at slike kraftanstrengingar er for mannfolk med hår på brystet :-)    Arild Standal fekk tida 5:31:37

I pulje 23 fekk Ståle Klakegg tida 5:56:27, medan Rolf Harry Pedersen i år ikkje kom til mål på Voss for eiga maskin etter eit ublidt møte med asfalten allerede i Indre Arna. Nokre saftige skrubbsår på arm og lår var likevel ikkje nok til å ta humøret frå Rolfen. Men sykkelen må nok påkostast ein del før vi stiller til start på Lillehammer-Oslo om 2 veker.

Resultatliste finn ein på www.bergenck.no


Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.