Endelig er Mikael i støtet igjen!

Postet av Flora Cykleklubb den 2. Jul 2008

Dei 150 kilometerane frå Fagernes over Filefjell til Lærdal er første dag av Norsk Sykle Festival. Mikael tok ein sterk 5.plass på ein dag då ikkje alt klaffa. Mikael fortel at han hadde bestemt seg for å vere aktiv fra første trakk, og var med i fleire brudd tidleg i løpet. Etter kvart greidde ei større gruppe på ca 20 ryttere å komme seg laus, men desse var redusert til kun 5 mann på toppen av fjellet. Diverre fekk ikkje Mikael langing på avtalt stad og ved Borlaug måtte han sleppe seg ned til følgebilen for å få drikke. Dette gjorde at han måtte bruke mykje krefter på å køyre seg fram att til dei 4 i tet, og då det vart mykje støting på dei siste kilometerane tok kreftene slutt. Likevel seier han seg godt nøgd med resultatet i ein sesong der mykje har gått han i mot.

Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.