Tunellen i Sundefjellet er utan lys!

Postet av Flora Cykleklubb den 17. Mar 2009

Underteikna vil på det sterkaste frarå nokon å prøve å sykle gjennom tunellen før det kjem nytt lys!

I meir enn ei veke har det ikkje vore lys i Sundefjelltunellen. Grunnen er oppdatering av lysanlegget. Underteikna har i dag vore i kontakt med arbeidslaget som utfører arbeidet, og dei kan fortelle følgande: Det vil bli kvitt lys som i Lærdalstunellen. Avstanden mellom lyspunkta vil bli 18 meter, mot dagens 25 meter. Det vil seinare i vår komme endå sterkare lys i tunellmunningane.

Best av alt er likevel at arbeidet er berekna å vere ferdig allereie onsdag 25.mars

I dag har underteikna, saman med Stein Åge Larsen, likevel tatt arbeidet med å vedlikehalde gamlevegen på utsida av tunellen. Her vart det kosta og spadd vekk mykje mold, lauv, liten og stor stein frå vegbana. Nokre plassar var det også mykje vatn og det vart brukt mykje tid på å opne gamle gjenngrodde avløp. Greiner som stakk langt inn i vegbana vart klipte og tre fjerna. Ved bommen på bysida av tunellen vart det også slått vekk delar av ein sperrestein, slik at det no er lettare å komme forbi bommen. På austsida er bommen for tida ikkje låst, og kan lettast opp ved behov.

Vegen er no farbar, men merk at det to plassar er særs smalt, avdi delar av vegen er rasa ut.

 


Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.