Ceres Rittet 10.mai 2009

Postet av Flora Cykleklubb den 11. Mai 2009

Rittet inngår i veterancupen (VC), og Geir Kristiansen tok turen austover til Lillestrøm for å sanke fleire poeng.

Og poeng blei det. I den 85km lange trasèen fra Leirsund stadion til Årnes og tilbake var Geir først i mål i det 50 mann store feltet. Klasse M40-44 og M45-49 starta i lag.

I ein trasé som var svært så kupért var det mange bruddforsøk. Men eit våkent felt og mykje vind gjorde at ingen lykkast å komme i fra. Avslutninga på rittet var ein bakke på ca 1,5km, nokke som gjorde at slitne syklister avslutta rittet med mjølkesyre til opp over øyrene.

Resultatliste (klikk på pilene på verktøylinja nederst på sida for å finne rett klasse):

http://www.dinesider.no/customer/293985/archive/files/Div.%20info/ceresrittet2009_resultat.xls

 

 


Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.