Mikael imponerte igjen!

Postet av Flora Cykleklubb den 12. Jun 2006

Stortalentet Mikael Johansen imponerte igjen med strålande 4.16 på Vestlandsklassikeren Bergen Voss.

Supersyklisten

Navn

Tid / Klokkeslett Plass
Alders gruppe
Mikael Johansen 4:16:46 9
Jens Petter Kjelsnes 5:22:30 106
Rune Horgen 5:22:29 102
Lise Grønbukt 5:44:22 5
Terje Standal 5:53:51 51
Geir Dysvik 8:02:40 53

 

6 syklistar frå FloraCK stilte i helga til start i sykkelrittet Bergen-Voss. Rittet er 165km langt og går langs Hardangerfjorden til Voss. Som einaste aktive deltakar frå Florø stilte Mikael Johansen til start i Ekspressgruppa. Feltet kjørte i rekordtempo heile vegen og vinnartida vart sterke 4.12.50 som er den nest raskaste i rittets 30årige historie. Mikael var med i hovedfeltet heilt til det berykta Skjervet, ei knallhard stigning på 270høydemeter ca 15 km før mål. Då gjekk det ei lite gruppe i brudd og Mikael hadde ikkje meir å gi. "Eg sleit faktisk med å holde følge i nedoverbakkane, og måtte hente inn feltet med 2-300m to gonger. Dette kosta krefter og når bruddet gjekk i Skjervet hadde eg ikkje muligheit til å følge." Seier Mikael som med tida 4.16.46 og ein 30.plass totalt (nr 9 i sin aldersklasse) likevel er godt nøgd.

PS: Vinnartida har berre 2 gongar før vore under 4.20, rekordåret 1996 med 4.02 og i 1987 med 4.18. Begge gonger med Bo Andre Namtvedt.

Jens Petter Kjelsnes og Rune Horgen sykla begge inn på sterke 5.22. Lise fekk ei god plassering ødelagt av tekniske problem, men kom likvel inn på respektable 5.44, noko som likevelholdt til ein sterk 5.plass i si klasse. Terje Standal og Geir Dysvik gjorde også ein god insats i det flotte været lang den fantastiske flotte men tøffe løypetraseen. Det var totalt 1107 deltakarar.

Mikael er forøvrig påmeld Trondheim-Oslo, Den Store Styrkeprøven, og skal sammen med Dagmund Ramsdal sykle med Ekspressgruppa til BergenCk. Så her kan det bli fleire gode resultat for FloraCK framover. Også Jens Petter Kjelsnes, Rune Horgen og Lise Grønbukt er påmeldt så deltakinga fra FloraCK er blir bra.


Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.